Siste hendelser i kommunen (tidslinje)

Tidslinje er god måte å vise utviklingen i din kommune i kronologisk rekkefølge. 

Denne informasjonen er eldre enn 1 år og kan være utdatert

Heimekarantene for ein klasse på Tranevågen ungdomsskule

12. mars: To elevar i klasse 9a på Tranevågen ungdomsskule skal testast for koronavirus i morgon. Elevane skal ha hatt nærkontakt med koronasmitta person, og har symptom på sjukdomen.
- Av den grunn må heile klasse 9a haldast heime frå skulen torsdag og fredag. Dette vert gjort for å unngå eventuell smittespreiing, seier smittevernlege Jens Eikås. I løpet av helga vert det avklart om elevane kan koma tilbake til ordinær undervisning i neste veke.

12. mars: Skoler og barnehager stengt fra mandag

Fem elevar på Ågotnes skule og eitt barn i Ågotnes barnehage er i heimekarantene

11. mars: Onsdag føremiddag kom det melding om to nye elevar (søskenpar) som er sett i heimekarantene på Ågotnes skule. Faren til desse elevane har vore i kontakt med smitta person. Eit tredje søsken i denne familien går i Ågotnes barnehage. Også vedkomande er frå i dag av i heimekarantene. Einingsleiar har informert dei føresette til barna i barnehagen.

Onsdag kveld kom det melding om at eín elev på Ågotnes skule er i heimekarantene i påvente av at ein person eleven har vore i nærkontakt med, skal ta prøvesvar.

Arrangement vert avlyste

10 mars: Basert på råd frå Folkehelseinstituttet knytt til arrangement, vert fleire arrangement i kommunen avlyste. Her er nokre av arrangementa vi har fått melding om vert avlyst eller utsette.

  • Ungdommens kulturmønstring for Askøy og Øygarden (planlagt laurdag 14. mars) er avlyst
  • Alle Aktiv+-samlingar er avlyste inntil vidare
  • Frivilligforum (planlagt 12. mars) er avlyst
  • Seniortreffa er stengt inntil vidare
  • Arrangement på Øygardsbiblioteka er avlyste/utsett
  • Seniortreffa på Aktivitetssenteret i Skogsskiftet (som har samlingar fredagar kl. 11-14) er stengte inntil vidare.